Når straumen går, må det viktigaste framleis fungere

2026 er Totalforsvarsåret, og i oktober har heile landet hatt øvingsmånad. Styresmaktene ber kommunar og næringsliv førebu seg på langvarige straumbrot. Med vinteren framfor oss er temaet særleg aktuelt. For kommunar, gardsbruk, daglegvarebutikkar og matlager handlarberedskap ikkje berre om eiga drift, men òg om tryggleik og matforsyning i lokalsamfunnet.

Daglegvarebransjen er i gang

NorgesGruppen etablerer 150–200 beredskapsbutikkar over heile landet. Alle skal ha rask tilgang til naudstraum, mellom anna for å sikre betaling når straumnettet er nede. Stortinget har samstundes behandla forslag om beredskapslagring av matvarer hos daglegvarekjedene i alle regionar.

Beredskap handlar derfor stadig meir om utstyr som er klart til bruk – ikkje berre om planar.

Zenessis ZEN 44 TP – Stage V-motor og rundt 40 kVA. Fra Alterra

Kommunar og landbruk må òg vere førebudde

Kommunane skal sikre at mellom anna sjukeheimar, helsetenester, vassverk og krisesenter fungerer ved straumbrot som varer i fleire døgn. Naudstraum er derfor eit tema når statsforvaltaren fører tilsyn. På gardsbruk kan straumbrot stanse mjølkerobot, ventilasjon, vassforsyning og kjøling – med direkte konsekvensar for dyrevelferda.

Beredskap i praksis – Seljord Røde Kors

Seljord Røde Kors har styrkt beredskapen med eit Zenessis-aggregat frå Alterra, installert av Dyrud Elektro. Med støtte frå Telemark Sparebank har organisasjonen fått ein trygg møtestadmed straum under langvarige straumbrot. Lokala kan ta imot sårbare grupper og brukast til krisehandtering og servering for mannskap.

daglig-leder-Jarle-Karlsen

«Mange ser på aggregatet som en reserve de håper de aldri trenger. Men når strømmen først går, er det to ting som avgjør: om det klarer det som må gå, og hvor lenge det holder. Derfor starter vi alltid med å se på hva som må ha strøm og i hvor mange døgn, før vi snakker om størrelse», sier Jarle Karlsen i Alterra.

Fem spørsmål du bør tenke på før vinteren

1. Kva må fungere under eit straumbrot – kjøl og frys, betaling, lys, IT eller alarm – og kva kan vente?
2. Er aggregatet dimensjonert for startstraumen til kjølekompressorane, ikkje berre normal drift?
3. Treng de eit fast eller mobilt aggregat? Eit fast aggregat med automatisk omkopling gir raskastoppstart. Eit mobilt aggregat krev eit ferdig tilkoplingspunkt.
4. Har de planlagt for fleire døgn og avklart ansvaret for drivstoff?
5. Blir aggregatet testa jamleg under last, og blir omkoplinga øva på?

Finn rett løysing før vinteren

Alterra er offisiell importør av Zenessis-aggregat i Noreg og leverer òg kompressorar, batteribankar og energilagring. Saman med installasjonspartnarane våre kartlegg vi behovet, dimensjonerer løysinga og sørgjer for at ho er på plass før vinteren.

Kontakt oss på 91 900 700 eller post@alterra.no.